Aukra-Hollingsholmen: Ferjesambandet blir kveld- og nattestengt om vêret tillet utskifting av heisetårna

Aukra-Hollingsholmen: Ferjesambandet blir kveld- og nattestengt om vêret tillet utskifting av heisetårna

Heisetårna på Hollingsholmen ferjekai vart skifta ut tidlegare i november. No står heisetårna på Aukra ferjekai for tur. Sambandet blir derfor stengt fredag 18. november om kvelden samt natt til laurdag 19. november, om vêret tillet at arbeidet kan utførast.

Endringar i ferjetilbodet

Viser det seg at arbeidet kan gå som planlagd, blir siste avgang frå Aukra ferjekai klokka 19.30 fredag 18. november. Frå Hollingsholmen går siste ferje kl. 19.45 denne kvelden. Etter dette blir sambandet stengt for kvelden og natta. Under arbeidet med heisetårna, må ferja M/F Norangsfjord ligge i ferjeleiet og holde ferjekaibrua på plass.

Første ferje frå Aukra går kl. 08.15, laurdag 19. november.

Informasjon om rutetider via Fjord1 si nettside

Søk i rutetider via appen eller nettsida til Fram

Endringar i busslinjene

For busslinjene blir det følgande endringar fredag 18. november:

  • Linje 531 Molde-Jendem-Malmeskiftet, kl. 19.15 frå Molde, køyrer vidare til Aukra etter Jendem, med ferja kl. 19.45.
  • Linje 561 Aukra, kl. 20.15, stoppar på Jendem.

Kortvarig stenging

- På same måte som i arbeidet med ferjekaia på Hollingsholmen tidlegare i november, vil to arbeidslag frå Mesta jobbe med begge heisetårna samtidig, slik at stenginga skal bli så kortvarig som mogleg. Det fortel byggeleiar for ferjekaiprosjektet i Møre og Romsdal fylkeskommune, Oskar Einarsson.

Arbeidet med heisetårna må gjerast før utskifting av sjølve ferjekaibrua, som er planlagd våren 2023.

- Fylkeskommunen har vore i dialog med Aukra kommune om stenginga. Naudetatar, heimesjukepleie og næringsaktørar er varsla, opplyser rådgivar for drift i FRAM, Olav Arne Vatne.

Få trafikkmeldingar direkte til din mobiltelefon

Om du melder deg på denne tenesta, vil du få meldingar om t.d. endringar i rutesambandet Aukra-Hollingen direkte til din telefon.  

Motta SMS med trafikkmeldingar

Kontaktpersonar

Oskar Einarsson, byggeleiar for ferjeprosjektet, mob. 970 86 371

Olav Arne Vatne, rådgivar for drift i FRAM, mob. 908 89 603

 

Publisert første gong: 7. november