Årets gledespreiar 2021

Årets gledespreiar 2021

MOT i Aukra kommune skal kåre årets gledespreiar og vi ønskjer ditt forslag til kandidatar.

Kva er ein gledespreiar?

Årets gledespreiar er nokon i vårt lokalsamfunn som

  • Er ein positiv kulturbyggar
  • Er ein person med MOT til å bry seg
  • Evner å løfte blikket og sjå menneksa rundt seg

Å spre glede er smittsamt, og gjer ein forskjell for andre. Kjenner du nokon som alltid seier "Hei", som ser deg og som får deg til å føle deg betre? Som uansett har eit smil til alle den møter og som bryr seg om andre? MOT ønskjer å hedre denne viktige kulturbyggaren i kommunen med prisen Årets gledespreiar.

Vi ønskjer ditt forslag til kandidatar

Du kan nominere personar ved å sende inn namn, kontaktinformasjon og ei grunngjeving om kvifor du ønskjer at denne personen skal bli kåra til årets gledespreiar.

Kvar kan eg sende forslaget mitt?

Du kan sende inn forslaget ditt via Forms.

Send inn ditt forslag

Frist for å sende inn forslag

Frist for innspel er 1. desember 2021.