Anleggsarbeid i Falkhytten sentrum

Anleggsarbeid i Falkhytten sentrum

Den nye køyrevegen inn til Helsesenteret for taxi og rørslehemma, er no ferdig asfaltert og open. Innkøyring for desse skjer no frå vest, mellom brannstasjonen og hotellet. For alle andre er det innkøyring og parkering som tidlegare.

Det vert bygd ei overvassgrøft ved det nye kulturhuset og som medfører ein del støy for naboane. Dette arbeidet vil vere ferdig i midten av veke 29. Vi beklagar dei trafikale utfordringane og ulempene med støy i denne perioden.

Klikk for stort bilete