Informasjon frå kommunen

Anker på ferjekaia

Anker på ferjekaia

Anker på ferjekaia minner oss om kystkulturen

Observante reisande til Gossen har sikkert sett at det har komme eit flott anker ved ferjekaia. Ankeret er eit gamalt stokkanker, som i mange år har stått ved Fiskarfagskolen på Gossen. Aukra Kystlag har no fått overta ankeret. Å plassere ankeret på ein meir synleg plass er både ei fin påminning om den rike kystkulturen i kommunen, men også eit minne om arbeidet som Aukra Kystlag har utført. I september vart flyttinga gjort, og vi kan gle oss over synet av det fine ankeret.

Dette ankeret er eit tradisjonelt anker, og det er ikkje opplysningar om at det er noko spesiell historie knytt til det, eller båten ankeret har tilhøyrt. Men om nokon skulle ha andre opplysningar, ta gjerne kontakt med kulturavdelinga i Aukra kommune.