Aukradagen 2023

Dato
10. juni 2023
Tid
Varar heile dagen
Stad
Aukra kulturhus

Laurdag 10. juni vil vi stå klar til å ønskje deg velkommen. I år gler vi oss ekstra til å ta i bruk Aukra kulturhus, og ikkje minst det fine området i sentrum på Falkhytten. Aukradagen 2023 vil ha fokus på tema som berekraft, gjenbruk og redesign. Det blir utstilling, verkstad, lopper og mykje meir.  Vi blir glad om fleire også vil rette eit fokus på dette denne dagen. 

Marknadsplassen og utescena: Marknadsplassen har kvart einaste år hatt stor deltaking - og i år har vi trua på at det vil bli endå fleire. Klarer vi å sette deltakarrekord? Det hadde vore fantastisk! Meld deg på - anten som utstillar eller med ei framføring på utescena. Vi ønskjer lag, organisasjonar, bedrifter og enkeltpersonar hjarteleg velkommen til Aukradagen! 

Foreløpig program for Aukradagen

  • Kl. 10.00-11.30 Velkommen til frukost
  • Kl. 10.00-16.00 Marknadsplassen er open
  • Kl. 11.00-16.00 Konsert på utescena
  • Kl. 20.30-01.00 Konsert med Dance with a Stranger, utescene (arrangert av Vennelaget - Aukra kulturhus. Billettsal vert annonsert.)

Påmeldingsfrist

Påmeldingsfrist for marknadsplassen og utescena er 15. mai 2023. 

Les meir og meld deg på

Les meir om Aukradagen

Påmelding Aukradagen