Ka va det i sa? Humorshow med Arild Hoksnes

Humorshow med Arild Hoksnes. Gjest: Odd Arne Halaas

Dato
28. desember 2022
Tid
19:00 - 21:00
Stad
Aukra kulturhus

Arild Hoksnes presenterer lun humor og ville verbale byks denne romjula. Han har eit lite rekneskap over kva han har sagt dei siste 10-15 åra, kva han kunne ha sagt og ikkje har sagt som kåsør, musikar og artist. Kvelden rommer både gjensyn og heilt nye møte. Blant anna vil Hoksnes minnast ei traumatisk stund på juletrefest på Soltun.

Songar er viktig i Hoksnes sin humor. Han har greidd det meisterstykke å lage ein vorspiel-slager som er spelt over 100.000 gonger på Spotify, om kva som skjedde på Soltun då gossegutar møtte jenter frå Fræna på dans – i visa «Sulli, lulli, Frænataus». Den og fleire av country-låtane er med.

Som gjest kjem Odd Arne Halaas frå Eide, mangeårig samarbeidspartner på scena med både musikalsk og verbalt frislepp. Normalt vil det skje merkelege ting når dei slepper kvarandre til.

Billett

Billettpris: 290 kr

Kjøp billett