Konsert med Kakao

Dato
20. januar 2023
Tid
19:00 - 22:00
Stad
Aukra kulturhus

KAKAO og tapas på Aukra kulturhus!

Vi ønskjer velkommen til ein hyggeleg kveld på kulturhuset! Vi har invitert bandet KAKAO som består av seks musikarar frå Molderegionen og som spelar eigne låter med norsk tekst. Liv, latter og alvor, i eit "jazza" landskap, som spenner vidt. Bandet blei etablert i 2013. Atle Ødegård er komponist og tekstforfattar. Kjell Atle Orø er musikalsk leiar og arrangør.

Før konserten serverer vi tapas ved Soltun scene - inklusiv i billettprisen. Kom då vel, her vil du møte mange du kan slå av en prat med.
Kakao serverer musikk både for humøret og sjela - og vi lovar ein heilt strålande kveld!

Program

  • Kl. 19.00 - tapas og mingling
  • Kl. 20.00 - konsert

Bandmedlemmar

Atle Ødegård - Vokal
Kjell Atle Orø - Tangenter
Olav Tornes - Saksofoner
Kjetil Gjelstenli - Bass
Joachim Orvik - Trommer og perkusjon
Arnt Inge Torheim – Gitar

Billett

Billettpris: 250 kr

Kjøp billett