Temakveld for foreldre og føresette: Korleis snakke med ungdom om deling av bilde, samtykke og grensar?

Fortel ungdomen din lite eller ingenting heime om relasjonen sin til ven, kjærast eller dei andre barna på skulen? Kor vanleg er det at ungdomar deler og spreier intime bilete? Og kvar går grensa mellom kjærleik og skadeleg sjalusi i dei unge kjærastforholda? 

Dato
10. mai 2021
Tid
19:00 - 20:00
Stad
Digitalt

Ny forsking har vist at nesten 40 % av alle ungdomar har blitt tilsendt eit intimt bilete av nokon andre. Somme deler sjølv intime bilete av seg sjølv, eller av andre ungdomar som ikkje sjølv har samtykket til delinga av biletet. 

Vi veit også at ungdom sine kjærastrelasjonar kan vere like grenseoverskridande som dei voksane sine relasjonar nokre gonger kan vere. Mange ungdomar veit ikkje kven dei kan få hjelp frå, eller har prøvt å få hjelp, utan at dei vaksne forstår kva det er som har skjett. Ungdomar sjølv fortel at dei kan vere svært usikre på om det dei har opplevt faktisk er ulovleg, eller om dei berre må «tole det». 

Kva skal ungdomen rekne med å tole, og korleis kan vi foreldre snakke med ungdomen vår om kor grensa går når det kjem til press rundt seksualitet, biletdeling og «mas» om seksuell deltaking frå jamaldra? 

Få svar på desse spørsmåla og mykje meir, på temakvelden Reform - ressurssenter for menn arrangerer i samarbeid med kommunane Molde, Aukra, Hustadvika, Gjemnes, Sunndal, Rauma og Vestnes. 
Vi set ungdom sin nære relasjonar i fokus, og temakvelden er spesielt tilpassa vaksne med omsorg eller ansvar for unge i alderen 12-18 år (7. klasse til og med vidaregåande). 
Arrangementet er gratis, og av smittevernomsyn vil sendinga sendast digitalt på Facebook. 
Når: Måndag 10. mai frå 19.00 til 20.00 

Følg denne linken for å melde deg på, og få varsel når sendinga startar

Arrangør

Reform