Omtale
Onsdag 5. november møtte dei to demenskora Kor Kjekt og Nordavind for første gong i Wicksalen på Aukra kulturhus. Og det var både kjekt og trøkk då over 50 glade songarar løfta eit variert repertoar til nye høgder. Formålet var å øve til felles julekonsert. Nesten to timar var over i ein fei, og tilbake set vi att med minna om kor sterkt og flott det var å vere med på dette. Vi gleder oss til å få dele dette med alle som kjem på konserten i desember.
Billettar
Kjøp billett