Arbeidsseminar: Aldring, helse og rusmiddelvanar i Aukra kommune

Dagens befolking vert eldre, alkoholbruk hos vaksne er aukande, og rusmiddelvanane våre er endra. I samarbeid med Kompetansesenter Rus Midt-Norge (KoRus) arrangerer Eining Heimetenester eit arbeidsseminar i aldring, helse og rusmiddelvaner i Aukra kommune. Dette er ei satsing i arbeidet opp mot området aldring og skadelege rusmiddelvaner. Fokus for arbeidet er samhandling om tidleg identifisering og intervensjon.

Dato
16. januar 2020
Tid
9:00 - 15:30
Stad
"Egget" ved Gossen barne- og ungdomsskole

Samhandling mellom tenester er viktig i arbeidet med å heve kompetansen kommunen har i arbeidet med aldring og rus. Aktuelle samarbeidspartar er ansatte i psykisk helse og rus, Eining Institusjon, Eining Heimetenester, avdelingsleiarar, einingsleiarar, NAV, fastlegar, folkehelsekoordinator, Eldreråd, demenskoordinator, Demensforeninga, Frisklivsentral, AKAN, Frivilligsentral, Pensjonistforeninga, Pårøranderådet, SLT koordinator, kommunalsjef, rådmann og politikarar med fleire.

Tid  Program
09.00-10.00

Aldring og skadelege rusmiddelvanar. Når er det grunn til bekymring? Korleis komme tidleg inn (individnivå)? Korleis kommunisere om temaet i eit folkehelseperspektiv (gruppenivå)?

v/Kompetansesenter Rus Midt-Norge

10.00-11.00

Korleis er situasjonen i vår kommune (brukarplan)?
Kva for tiltak har vi i vår kommune (plan for psykisk helse og rus)
Kva prosedyrar har vi for samarbeid og oppfølging?
v/representantar frå kommunen

11.00-12.00 Nytenking i grupper - korleis kommunisere om aldring og rus i eit folkehelseperspektiv (gruppenivå)? Kva for arena kan vi bruke?
12.00-13.00 Lunsj
13.00-13.30

Korleis kartlegger vi og snakker om dette temaet med brukaren? Kva verkty har vi - AUDIT?

v/Kompetansesenter Rus Midt-Norge

13.30-14.30

1) Case i grupper: Korleis snakker de med brukaren om temaet? Korleis bruke AUDIT?

2) Nytenking i grupper - Korleis vise vidare? Gå gjennom forslat til prosedyre. Korleis brukar vi denne?

14.30-15.15 Oppsummering i plenum
15.15-15.30

Korleis arbeider vi vidare med dette innsatsområdet i kommunen - presentasjon av framdriftsplan

v/representant frå kommunen

Påmelding: nina.tomren@aukra.kommune.no eller marit.thorsen@aukra.kommune.no

 

Arrangør

Aukra kommune

Kontakt

Nina Tomren