Ope møte om forvaltningsplan for leplantingane på Gossen

Dato
16. oktober 2019
Tid
18:00 - 21:00
Stad
Kommunestyresalen

Aukra kommune i samarbeid med Miljøfaglig utredning AS er i ferd med å avslutte arbeidet med ein forvaltningsplan for leplantingane på Gossen. Vi er interesserte i dine kommentarar til planforslaget!

  • Er det tema som manglar?
  • Er vi konkrete nok?
  • Korleis kan planen setjast i verk?

Den 16. oktober 2019 inviterer kommunen til eit ope møte om saka. Konsulentane frå Miljøfaglig utredning AS blir med på møtet. Høyringa og innspel frå det opne møtet vil bli tatt med i utarbeidinga av endeleg plan. Vel møtt!

Planforslaget var lagt ut til høyring, der frist for merknadar var 11. oktober 2019.

Arrangør

Aukra kommune