Sjøsportdagen

Dato
16. juni 2019
Tid
13:00 - 16:00
Stad
Aukra Småbåthamn, Ragnalunden

Tradisjonen tru arrangeres Sjøsportdagen søndag etter Aukradagen. Frå kl. 13-16 blir det trivelige timar med fullt liv i Aukra småbåthamn i Ragnalunden.

Alle aldersgrupper kan bli med på kjekke aktiviteter både i hamna, på fjorden og på land. Gratis arrangement. 

Gossen idrettslag stiller opp med kafé, der kan du kjøpe deg noko godt å ete og drikke.

Om du vil utfordre deg sjølv og andre kan du melde deg på rokonkurranse eller palleløp.

Rokonkurranse: Vi har to like plastfæringar som er lett å ro. Finn deg ein makker og meld deg på til: jens.petter.kjoll@aukra.kommune.no

Aktivitetar: 

Hoppeslott

Eliasbåten

Vannballer

Båtbygging (Vard)

Sjøredningskorpset

Bruskassestabling

Skyt på blink (AJFF)

Romsdal Havrafting (kr. 295,- for 30 min tur)

Palleløp

Rokonkurranse

 

Arrangør

Aukra kommune

Kontakt

Jens Petter Kjøll