BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//ACOS//NONSGML CMS 18.0.5033//EN
BEGIN:VEVENT
UID:7dfb8dff-b608-a740-fcae-e42615eae790
SUMMARY:Nyttårskonsert "Store stemmer"
DESCRIPTION:Om konserten Vi har gleda av å invitere deg til ei uforgløymeleg konsertoppleving! Bli med på ein kveld fylt med store stemmer og vakre melodiar frå ulike musikkstilar. Frå opera og Broadway til tidlause klassikarar frå legender som Frank Sinatra og Édith Piaf, lovar vi ei variert og stemningsfull framsyning som vil begeistre publikum i alle aldrar. Store stemmer er ein konsert der vakre, lett attkjennelege melodiar står i fokus. Det blir kjende operaperler som O Mio Babbino Caro og Bess, You Is My Woman Now, musikalnummer som Phantom of the Opera og Les Misérables, samt slagerar som My Way og Sommernatt ved fjorden. Med enkel regi og vakre duettar blir konserten variert og underhaldande. Dei tre utøvarane leier publikum gjennom programmet og deler interessante historier og anekdotar undervegs. Om utøvarane Dei tre utøvarane har master- eller diplomutdanning i klassisk musikk og arbeider på heiltid som profesjonelle kunstnarar. Hanne og Dagfinn har sidan 2016 turnert heile landet med framsyninga Operahistorien på 60 minutt (hvis vi rekker det) for å vise operaens magi på små og store scener. Erfaringa deira er at akustiske konsertar med operasongarar på nært hald er ei sjeldan oppleving, men ei oppleving som verkeleg engasjerer publikum. Begge arbeider jamleg ved Den Norske Opera & Ballett og er allsidige songarar med eit repertoar som spenner frå opera til jazz og populærmusikk. Hanne Korsbrekke Askeland er ein songar frå Molde. Ho vart uteksaminert frå Operahøgskolen i Oslo i 2017, der ho studerte hos Solveig Kringlebotn. Same året deltok ho i finalerundane i Belvedere Singing Competition i Moskva. Denne sesongen syng ho i Operakoret ved Den Norske Opera, samstundes som ho turnerer med den eigneproduserte framsyninga Operahistorien på 60 minutt. I sitt virke har ho elles hatt roller som Eurydike i Orfeus og Eurydike, Adina i Donizettis L'Elisir d'Amore, Solveig i Peer på Pub av Lerkefugl Produksjoner, samt medverka i Peer Gynt DUB ved Den Nationale Scene, Spelemann på taket, Enron ved Rogaland Teater og Teatret Vårt, Highway Hypnosis og 03:08:38 – Tilstander av Unntak av Transiteatret-Bergen. Sistnemnde mottok fleire Heddaprisar i 2020. Sidan endt utdanning har Hanne vore med i fleire produksjonar ved Den Norske Opera og Ballett som songar i operakoret. Hanne har vore solist med mellom anna Trondheim symfoniorkester og Kristiansand symfoniorkester. Dagfinn Andersen har utdanninga si frå Noregs musikkhøgskole og Operahøgskolen i Oslo. Han hadde sin profesjonelle debut ved Den Norske Opera & Ballett i 2017 og har sidan vore solist for ei rekkje distriktsoperaer som Operaen i Kristiansund, Opera Sør, Ringsakeroperaen, Oscarsborgoperaen og Opera Trøndelag. Ved sida av å synge opera er Dagfinn ein ettertrakta konsertsongar med eit repertoar som spenner frå oratorium og kyrkjemusikk til samtidsmusikk og jazz. Dagfinn arbeider også med eigne prosjekt som suksessen Operahistorien på 60 minutt (hvis vi rekker det), som jamleg blir framført på store og små scener over heile Noreg. Dagfinn står bak konseptet og er både utøvar og medforfattar av framsyninga. Ole Christian Haagenrud er ein av dei mest ettertrakta unge pianistane i Noreg. Han har diplomutdanning frå Noregs musikkhøgskole, der professor Jens Harald Bratlie og professor Håvard Gimse var lærarane hans. Nyleg fullførte han deltakinga si i Talent Noreg si storsatsing ArtEx (Artist in Excellence). I 2014 hadde han sin debutkonsert i Universitetets Aula, og same året vart han tildelt den prestisjetunge Robert Levins Festspillpris. Ole Christian har vore solist med profesjonelle symfoniorkester som Bergen Filharmoniske Orkester, Kringkastingsorkesteret, Lithuanian National Symphony Orchestra og Belarus Chamber Orchestra, og han har samarbeidd med dirigentar som Georg Mark og Lawrence Foster. Han har spela på prestisjetunge scener som Concertgebouw i Amsterdam, Brahms Saal i Musikverein i Wien, Shanghai Concert Hall, JF Kennedy Center i Washington DC, The Great Guild Hall i Riga, Stephaniensaal i Graz, The Lithuanian National Philharmonic Hall i Vilnius, The Slovenian Philharmonic Hall i Bratislava og Casa da Musica i Porto. Ole Christian er ein svært ettertrakta kammermusikar og akkompagnatør, og saman med den internasjonale klavertrioen sin, Vilos Trio, var han i fleire år med i kammermusikkprogrammet ECMA (European Chamber Music Academy) i Wien. Ole Christian er med i det kunstnariske styret til Nesset Musikkfest, som blir arrangert årleg i Eidsvåg i Møre og Romsdal. Foto: Sveinung Bjorå Billettar Vaksen 300 kr Barn under 16 år 150 kr Ledsager gratis Kjøp billett
DTSTART:20270117T170000Z
DTEND:20270117T190000Z
LOCATION:Wickssalen på Aukra kulturhus
SEQUENCE:0
CREATED:20261109T122430Z
DTSTAMP:20261109T184915Z
END:VEVENT
END:VCALENDAR
