showImage

Web-verktøy syner biologisk mangfald i Aukra

Visste du at edellauvskogen Geitastauo p Julsundet vert karakterisert som ein svrt viktig naturtype? At kystlyngheia ved Ryrvika-Rishaug er verdifull med godt artsutval? Finn ut meir om verdifull og sjeldan Aukra-natur p den nye web-tenesta naturbasen.no.

Det nye og unike verktøyet gjer det mogleg å finne ut kva som vert karakterisert som verdifullt område med biologisk mangfald i kommunen vår. I alt er 2550 område i fylket  avmerka på kartet og prioritert etter nasjonal, regional og lokal verdi. I Aukra er det funne 68 områder med desse karakteristikkane. Det er fylket, areal og miljø, i samarbeid med kommunane som har stått bak den omfattande kartlegginga av biologiske verdiar og oppretta naturbasen.no.

 

Rapporten og kartlegginga av naturtypane i Aukra kom allereie i 2002. Det nye er at informasjonen no er lett tilgjengeleg på naturbasen.no. Der kan du finne kart med fyldig informasjon om dei ulike naturtypane og funn av sjeldne vekstar i alle kommunane i fylket. Tenesta inneheld mange søkefunksjonar, du kan mellom anna kan søke på stadnamn, art og funnstad.

 

Karta kan også nyttast til planlegging av turar og anna friluftsliv. Dei er enkle å skrive ut og sende dei på e-post.

Kontaktperson i fylket er naturforvaltar Kjell Lyse, på areal og miljøavdelinga. John Bjarne Jordal var prosjektleiar for Aukra-rapporten.

Smågevatnet vert karakterisert som ein rik kulturlandskapssjø. Her finst til dømes 8 sortar augnestikkarar

Smågevatnet 

 

 

 

 

!

 

Tips ein ven Skriv ut