Vegvedlikehald på vinter

Vintervedlikehald

Brøyting og strøing

Aukra kommune har utarbeida rutiner for brøyting og vintervedlikehald av kommunale vegar.
Målsetjinga med rutina er at innbyggjarane skal føle seg rimeleg trygge på at alle kommunale vegar blir brøyta og strødd når det er behov for det. Målsetjinga for brøyting og strøing er at køyreveg skal vere bra drifta for alle bilar som er normalt utstyrt for vinterkøyring.

Fortau og gangvegar skal brøytast og strøast so godt at fotgjengarar ikkje velgjer å gå i vegbanen fordi denne er betre. Strøing for ferdsel til fots eller på skuleplassar, torg og andre opne areal, blir berre gjort for gangsone i kortaste ferdselsretning. Ikkje heile arealet som er i bruk elles i året. Det vert ikkje prioritert brøyting/strøing i tilstrekkelig kvalitet for den som ferdast på sykkel. Dette blir for kostnadskrevjande med dei budsjettmidlar vi rår over i dag.

Rutina for brøyting og vintervedlikehald i Aukra kommune finnes i høgremenyen.

Tips ein ven Skriv ut

Tenesteforklaringar