showImage

Vindmøller gir kraftlinje over Gossen?

Prosjektselskapet Havgul AS har planar om å bygge vindmøllepark utanfor Sandøy og vil byggje ei kraftlinje over Gossen frå Småge til Nyhamna. Planane er no til høyring.
Havgul har søkt NVE  (Noregs vassdrags- og energidirektorat) om konsesjon for å byggje vindparken Havsul I i Sandøy kommune. Søknaden omfattar også overføringsanlegget som er planlagt fram til Nyhamna i Aukra kommune.  Vindmøller

 

 

Planen er å bygge ein vindpark med ein samla effekt på 350 MW. Vindparken utgjer 78 vindmøller a 4,5 kW, og ligg i havet utanfor Sandøy kommune. Det elektriske overføringsanlegget vil delvis ligge i Aukra kommune, som luftlinje eller som jordkabel.

 

Fram til 15. mai er planane og konsekvensutreiingane lagt ut til høyring slik at involverte partar (mellom anna kommunen) skal kunne gje innspel og tilbakemelding på planane. Dei som ønskjer å studere desse, kan gå inn på www.havgul.no der alle dokumenta ligg tilgjengeleg.

 

Overføringsanlegg som skal føre strøm frå vindparken, via Småge til Nyhamna vil bestå av:

 

2. stk. transformatorstasjonar (i Sandøy kommune)

2 stk.  132 kV sjøkablar frå transformatorstasjonane og fram til eit ilandføringspunkt ved Småge på Gossen

1 stk. 132 kV 2-kurs luftledning på stålmaster frå Småge til Nyhamna, alternativt erstatta heilt eller delvis av jordkablar.

 

                                      

For å få straumen til Nyhamna søker Havgul om tre alternativ, i prioritert rekkefølgje:

 

-         Alternativ 1: Luftledning frå Småge til Nyhamna 8,17 km og ca 424 m jordkabeltrase ved innføring til transformatorstasjonen på Nyhamna.

-         Alternativ 2: 1490 jordkabeltrase frå Småge, deretter 6,79 km luftleding og til slutt ca 425 m. jordkabeltrase inn til trafostasjonen på Nyhamna.

-         Alternativ 3: Jordkabeltrase på heile strekninga mellom Småge og Nyhamna, samla traselengde på 8,45 km, beståande av 2 sett jordkablar.

 

Havgul har sett føre seg at kraftlinja eller jordkabelen vert lagt slik:  Frå Småge, Langhaugen, Riksfjord, Nerbøen og fram til Nyhamna.

 

 

Havgul har i konsesjonssøknaden gjort greie for konsekvensar for miljø, naturressursar og samfunn, både i anleggs- og driftsfasen. Dei syner at dei ulike vala av overføring (luftspenn eller jordkabel) har ulike konsekvensar. Til dømes vil ei kraftlinje i lufta vere svært synleg på store delar av Gossen. Vindparken vil ein kunne sjå i horisonten mot nordvest frå nordre del av Gossen.

 

Dei positive konsekvensane vil vere auka energiproduksjon frå fornybare kjelder og auka tryggleik for el-forsyningar til regionen vår.

 

NVE har også tidlegare (januar 2005) arrangert eit ope folkemøte om utbyggingsplanane til Havgul AS i Aukra. Kommunen sendte då eit høyringsinnspel der det vart bedt om utgreiing av eit alternativ for sjøkabel heilt fram til Nyhamna.

 

Måndag 13. mars orienterte Havgul og NVE om prosjektet på eit ope møte i kommunehuset på Falkhytten. Det kom mange og ulike innspel frå dei frammøtte, og desse vil bli teke med i kommunen sin høyringsuttale.

 

Tips ein ven Skriv ut