Vigsel

 

Vigsel i Aukra kommune

Følg stega nedanfor

Bestill tid med kommunen

Ta kontakt med kommunen i god tid før vigselen for å bestille tid.

De kan bli bedne om å sende godkjent kopi av legitimasjon før vigselsdagen. Kva er godkjend legitimasjon?

De kan ta kontakt før de sender dei nødvendige papira til Skatteetaten eller mens de ventar på prøvingsattesten frå Skatteetaten.

Kontaktinformasjon:
Aukra kommune
Nyjordvegen 12
6480 Aukra

post@aukra.kommune.no
Tlf.nr.: 71 17 15 00

Resepsjonen er opne alle kvardagar klokka 08.30-15.30.

Kven kan kommunen vie?
Kommunen har plikt til å ha eit tilbod om vigsel for kommunen sine innbyggjarar og personar som ikkje er busett i Noreg, men som fyller vilkåra for å inngå ekteskap i Noreg, jf. ekteskapslova § 12 a.

Det er tilstrekkeleg at ein av brudefolka er busett i kommunen for at kommunen si plikt gjeld. Kven som reknast å vere busett i kommunen følgjer av dei allmenne reglane om folkeregistrering av bustadadresse, jf. folkeregisterlova med forskrifter.

Ekteskapslova byggjer på ein føresetnad om at dei som oppfyller vilkåra for inngåing av ekteskap og krava til prøving, har krav på vigsel i Noreg. Det gjeld også personar som berre oppheld seg mellombels i landet. Kommunen sitt tilbod om borgarleg vigsel gjeld både for utanlandske brudefolk og for norske statsborgarar som er busette i utlandet. Desse gruppene skal også få nytte seg av vigselstilbodet i kommunen, utan å måtte betale for dette.

Kostnader
Vigselstilbodet er gratis for kommunen sine eigne innbyggjarar. Kommunen kan ta betaling for nødvendige meirkostnader dersom det er ønskjeleg at vigsel skal skje utover det vanlege tilbodet om tid og stad.