Vedlikehald av veg

Vegvedlikehald

Du kan melde frå til kommunen om det er forhold ved ein veg som svekker framkommelegheita eller trafikktryggleiken. Det kan for eksempel vere hol i vegen, manglande gatelys eller behov for brøyting. Kommunen har ansvar for drift og vedlikehald av kommunale vegar. Fylkeskommunen sørger for fylkesvegar og staten for riksvegar. Kommunen kan stenge ein veg om ver- og føreforholda gjer det umogleg å halde den open. Vedlikehaldet omfattar køyrebane, bankettar og dreneringssystem.

Oppgåver kan vere:

  • Feiing og reinhald
  • Fjerning av søppel
  • Klipping av vegetasjon
  • Rydding av kraftsoner
  • Vegmerking og skilting
  • Brøyting og strøing om vinteren

Omfanget av desse oppgåvene vurderes ut frå behov og kommunen sin økonomi. Om vegens tilstand er slik at det oppstår skader eller ulykker, gjeld dei allmenne erstatningsreglane.

Feil eller manglar om vegvedlikehald kan meldas inn gjennom vår teneste "meld inn feil".
 

Tips ein ven Skriv ut