www.aukra.kommune.no

Arbeid på veg

Veg

Førespurnadar som gjeld akutte driftsforstyrringar: 71 17 15 00
Utanom ordinær arbeidstid ring Drift og beredskapsvakt for kommunaltekniske anlegg: 915 16 740

Ordinære førespurnadar som gjeld kommunal vegdrift: 71 17 15 00

Aukra kommune v. eining Teknikk, eigedom og brann (TEB) har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av det kommunale vegnettet. Eininga har ansvar for forvaltningsoppgåver i tilknytting til vegdrifta, og kan gje graveløyve i samband med graving i kommunal veg. Ved arbeid på kommunal veg skal skiltplan handsamas og godkjennas av kommunen.

Aukra kommune forvaltar, driftar og vedlikeheld alle kommunens veglysanlegg og har ansvar for å disponere investeringsmidlar til opprusting av eldre anlegg samt bygge nye lysanlegg. Det er kommunen sitt ansvar å ha eit overordna ansvar for å følgje opp handlingsplan for trafikktrygggingsplan ved å planleggje samt gjennomføre trafikktryggingstiltak som å byggje gang- og sykkelvegar, fortau, kryssutbedringar mv samt arbeid med universell utforming.

Å vere kommunal vegmynde medfører mellom anna behandling av søknadar. Ansvaret for forvaltning av vegnettet er regulert etter fleire lover, bl.a. veglova og trafikklova.

Som vegholdar forvalter kommunen eigarrettigheitane til veggrunnen. Det betyr bl.a. at ingen kan ta i bruk veggrunn til anna enn trafikale formål utan løyve.

Tips ein ven Skriv ut