Bilde av ein vassmålar

Vassmålar

Som hushaldningsabonnent kan du velje om forbruksgebyret for vatn og avløp skal bereknas og betalas etter bustadareal, eller betalas etter målt (faktisk) forbruk. Næringseigedomar pliktar å betale etter målt forbruk.

Aukra kommune kan hjelpe dykk med vurdering av gebyralternativa. Vi kan også bistå din røyrleggarforbindelse ved spørsmål av teknisk karakter.

Installasjon av vassmålar
Dersom ein huseigar ønsker å installere vassmålar tar han kontakt med ein røyrleggar som vil bistå vidare. Huseigaren betaler for arbeida med installasjon av vassmålaren. Aukra kommune eiger vassmålaren og leiger den ut for eit årleg beløp som går fram av gebyrregulativet. Kostnaden med installering vil variere frå hus til hus og vi anbefalar at du får eit prisoverslag frå ein røyrleggar. Næringseigedommar er pålagd installering av vassmålar og kostar sjølv kjøp og installering av vassmålar.

Ved feil på private vassmålarar vil den bli skifta av Aukra kommune.

Målaravlesing
Ved målt forbruk baserer Aukra kommune seg på kundens årlege tilbakemelding om målarstand. Vassmålarskjema sendes ut i desember med 2. januar som innleveringsfrist.

Kunden mottek eit avlesingskort per vassmålar. Alle som har motteke kort for avlesing av vassmålarar må skrive inn målarstanden på kortet og returnere dette til Aukra kommune.

Tips ein ven Skriv ut