Tverrlia behandlingsanlegg

Vassforsyning

Aukra kommune skal sikre levering av tilstrekkeleg mengde reint vatn frå kommunens vassforsyningssystem. Vassforsyningssytemet skal tilfredsstille krava i drikkevasssforskifta.

Drikkevatnet skal difor vere hygienisk betryggande, klart og utan framtredande lukt, smak eller farge. Det skal ikkje innhalde fysiske eller biologiske komponentar som kan medføre fare for helseskade i vanleg bruk.

Aukra kommune skal sikre forsyning av vatn fram til brukaren. Kommunen skal varsle brukaren om planlagde driftsavbrudd og forhold som påverkar drikkevasskvaliteten, for eksempel rensing/spyling av leidningsnettet. Sjå annonse i presse mv. Kommunen kan gje restriksjonar for bruk av vatn ved vassmangel. Om nødsituasjonar (katastrofer etc) gjer det naudsynt å gjere unntak frå krava til kvalitet, vil brukarar og næringsverksemnder bli informerte om situasjonen og om kor lenge den midlertidige/provisoriske vassforsyninga vil vare.

I områder utan kommunal vassforsyning må bebuarar, næringsliv osv. etablere eiga ordning for vassforsyning. Kommunen kan ikkje gje byggeløyve utan at det føreligg tilfredsstillande vatn- og avløpsløysing.
 

Tips ein ven Skriv ut