Annonse for vaksenopplæringa. Bilete av Hania som har deltatt, og meiner at flinke lærarar motiverer.

Vaksenopplæringa

Grunnskoleopplæring og/eller oppfrisking av grunnleggjande ferdigheiter

Som vaksen kan du framleis ha rett på å få grunnskoleopplæring og/eller oppfrisking av grunnleggjande ferdigheiter.

Det kan vere at du til dømes

  • ikkje har fullført grunnskolen.
  • treng å jobbe med grunnleggjande ferdigheiter for å få jobb.
  • vil repetere fag før du startar vidaregåande opplæring.
  • er innvandrar med fullført norskopplæring, arbeidsledig eller har jobb gjennom tiltak, men treng meir opplæring for å vere kvalifisert til fast jobb.

Du har òg rett til å få vurdert realkompetansen din, altså all den kompetansen du har opparbeida deg gjennom livet men som ikkje er dokumentert. Godkjenning av realkompetanse kan føre til eit kortare undervisningsløp for å få fullført grunnskole og vidaregåande.

For meir generell informasjon om vaksenopplæring, sjå utdanningsdirektoratet sine nettsider for vaksenopplæring.

Vaksenopplæring for innvandrarar

Innvandrarane i Aukra deltek i introduksjonsprogrammet norsk- og samfunnsundervisning ved Molde vaksenopplæringssenter. 
Meir informasjon om vaksenopplæring for innvandrarar (introduksjonsprogrammet)
 

Tips ein ven Skriv ut

Sjølvbetening

Artiklar og nyheiter