Arbeid med renseanlegg

Utsleppsløyve

Eig du bustadhus, hytte, turistbedrift og liknande som ikkje er tilknytta (eller kan tilknyttas) offenlteg avløpsanlegg, må du søkje kommunen om tillatelse til å sleppe ut avløpsvatn. Om verksomheita berre slepp ut gråvatn, gjeld søknadsplikta berre om du har innlagt vatn. Med avløpsvatn meines avløp frå vassklosett, kjøkken, bad og vaskerom. Med innlagt vatn meines vatn frå vassverk, brønn og cisterneanlegg som føres innandørs gjennom ledning. Med gråvatn meines avløp frå kjøkken, bad og vaskerom (klosettavløp ikkje inkludert).

Kommunen er forureiningsmynde etter dette kapittelet og fører tilsyn med at bestemmingar og vedtak fatta i medhald av dette kapittelet følges. Ingen kan utan at det er gjeve løyve etablere utslepp av avløpsvatn. Søknad om utslepp av avløpsvatn vert å sende til Aukra kommune på eige skjema.
 

Tips ein ven Skriv ut