Utleige av kommunale lokaler

Aukra kommune innfører graderte husleigesatsar for utleige av kommunale lokaler (vedteke i k-sak 127/14). Dette gjeld aktivitet som t.d. regelmessig og faste treningar og øvingar for kommunen sine innbyggarar. All anna aktivitet, inntektsbringande og kommersielle arrangement, samt konsertar og liknande, betaler husleige etter vedtatte satsar. Det same gjeld for private arrangement.

Det vert gitt fritak for leige i kommunale lokaler og anlegg for lag og organisasjonar, som driv aktivitet som t.d. trening og øvingar retta mot barn og ungdom under 18 år. For aktivitet der målgruppa er innbyggarar over 18 år, gjeld vanlege husleigesatsar.

Gjeld frå 1.1.2015:

1. Salar med garderobe / dusjar    
Leigealternativ Leige* Varigheit
Gymsal med garderobe/dusjar kr 300 1/2 sal - inntil 3 timar
Gymsal med garderobe/dusjar kr 550 1/1 sal - inntil 3 timar
Dansesal på kulturskolen kr 300 Inntil 3 timar
Gymsal med garderobe/dusjar,
samt dansesal på kulturskolen
kr 2.400 Per dag
Gymsal med garderobe/dusjar,
samt dansesal på kulturskolen
kr 1.500 Per månad - trening
1-2 gonger per veke
Auditoriet "Egget" kr 1.000 Inntil 3 timar

 

2. Klasserom eller møterom inkl. kjøkken    
Leigealternativ Leige* Varigheit
Klasserom/møterom inkl. minikjøkken kr 300 Inntil 3 timar
Klasserom/møterom inkl. minikjøkken kr 500 Utover 3 timar < 24 timar
Klasserom/møterom inkl. minikjøkken kr 1.000 Per månad - øving
1 gong per veke
Mat og Helse-rommet kr 500 Inntil 3 timar
Mat og Helse-rommet kr 1.000 Per dag

 

3. Symjehall    
Leigealternativ Leige* Varigheit
Symjehall inkl. garderobar kr 500 For 1,5 timar
Leige av reinhaldar/badevakt kr 500 Per time

 

4. Aukra frivilligsentral    
Leigealternativ Leige* Varigheit
Heile sentralen kr 500  
Tilrettelegging dagen før kr 150  
Lydanlegg inkl. piano og projektor kr 250  

 

5. Ekstra reinhald og vaktmeistertenester    
Leigealternativ Leige* Varigheit
Ekstra reinhald kr 500 Per time**

* Vaksne/anna utleige/kommersiell utleige
** Ekstra reinhald/vaktmeistertenester vert fakturert etter medgått tid.

Merknad:

  • Det vert gjeve fritak for vaksenopplæring i undervisningslokaler i samsvar med Lov om vaksenopplæring.
  • Fritak for husleige gjeld ikkje for inntektsbringande arrangement, kommersielle arrarrangement, konsertar og liknande. Fritaket gjeld heller ikkje private arrangement.
  • Når det gjeld Julsundet samfunnshus, som er ein del av Julsundet skole, vil framleis eigne satsar for samfunnshuset gjelde ved utleige.
  • Faste treningar/aktivitet der arrangør har inntekt skal det bereknast leige etter sats «inntil 3timar per gong». Det betyr at det ikkje er same reduksjon i husleiga som for lag og organisasjonar ved leige per månad.
  • Ansvarleg eining informerer leigetakar om reglement og rutinar som gjeld for bruk av dei einskilde lokala.
  • For aktivitet i lokaler der kommunen er leigetakar, gjeld vanlege husleigesatsar.
  • Utleigesatsane vert indeksregulert årleg i samsvar med konsumprisindeks frå SSB.

 

Tips ein ven Skriv ut