Gymsalel ved Gossen barne- og ungdomsskole.

Utleige av gymsalen til trening

Utleige av gymsalen på Gossen barne- og ungdomsskole

Vi ber om at aktuelle lag og/eller organisasjonar melder si interesse på e-post til gossen.buskole@aukra.kommune.no

Aktuelle treningstider er måndag til fredag frå kl. 16:00-22:00. I e-posten må de sette opp kva dag og treningstid som er ønska, og namn på ansvarleg leigetakar må vere med. Ta gjerne med alternative ønskjer om treningstid, i prioritert rekkefølgje. De må òg gje opp kor lenge de ønskjer å ha salen ut over våren. Treningar kan måtte gå ut grunna særskilte arrangement. Det vil i slike tilfelle bli varsla.

For å dekke utgiftene skolen vil ha til reinhald vil kvar økt få ei avgift. Dette er i samsvar med vedtak i kommunestyret i 2014, gjeldende fra 1. januar 2015. Lag og organisasjonar vil etter same vedtak ikkje bli kravd husleige. For private som samlar seg og leiger sal til trening, følgjer vi dei vedtekne satsane. For gymsal med garderobar er kostnaden kr. 550,- for ei økt på inntil 3 timar. Det er også mulig å leie halve salen til kr. 300,- for ei økt på inntil 3 timar.

Salen er ikkje open for vanleg treningsutleige på heilagdagar, helger og skuleferiar.

Vi ber om at de i e-posten gjev opp mobilnummer til ansvarleg leigetakar, slik at vi får administrert utlevering av nøkkelbrikke.
 

Tips ein ven Skriv ut