Ungdomsklubbar

Julsundet Ungdomsklubb

Gjennom heile skoleåret samlast ungdomar i Julsundet ungdomsklubb på gamle Fanghol skole. Klubben er danna som eit tilbod til ungdomen i nærmiljøet, og vert drive av foreldre ved Julsundet skole, i samarbeid med elevane. Klubben byr på mange aktivitetar for ungdomen. Vi kan spele biljard, air-hockey, tv-spel og arrangere filmkveldar. Lokala vert også nytta som øvingsplass for band, og kan leigast ut til bursdagar og liknande aktivitetar.

Opningstider:
Fredag kl. 19.00 - 23.00

Kontakt:
Astrid Kolberg, tlf. 459 07 766, e-post astrid@julsundetuklubb.net

Hald deg oppdatert på ungdomsklubben si Facebook-side og heimeside.

 

Ungdommens Fritidsordning (UFO)

Ungdommens Fritidsordning (UFO) er eit fritidstilbod for ungdom på Gossen, frå 8. klasse og oppover. Her hjelper ungdommar sjølv til med å drive klubben, og både medlemmar, brukarar og foreldre vil bli brukt som vakter. UFO ligg på Falkhytten, i Aukra frivilligsentral sine lokalar.

Opningstider:
Fredag i oddetalsveker kl. 19.00 - 22.30: Ope for alle (med foreldre som vakter).

Medlemskontingent: kr. 300,- pr. år (som er frå august til juni).
Inngang elles på fredagar: kr. 35,- pr gong.
Vi følgjer skoleferiane utanom haust- og vinterferien, då vi har vanleg opningstid.

Kontakt:
Renate Eilertsen Løvik, e-post reei@aukra.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut