Logo TV-aksjon 2017

TV-aksjon 2017

søndag 22. oktober 2017 mellom kl. 16:00 og kl. 18:00 kjem bøsseberarane heim til deg og samlar inn pengar til årets TV-aksjon. Temaet i år er "Hvert barn er en mulighet". Din støtte går til Unicef og skal hjelpe til å gje skolegang til barn ramma av krig og konflikt.

Pengane frå TV-aksjon skal hjelpe Unicef med sitt arbeid i Syria, Sør-Sudan, Pakistan, Mali og Columbia. Skolegang skal hjelpe barna å byggje ei framtid for seg sjølv og landet sitt. Læring kan ikkje vente på fred.

På søndag går bøsseberarane for våre medmenneske, som er ramma av krig og konflikt - ta dei godt imot! Dersom du ikkje er heime eller ikkje har kontantar, men ønskjer å gi likevel, kan du vippse til 2133.

Kommunekomiteen i Aukra kommune ønskjer alle som går med bøsse lykke til og takkar for deira innsats og for støtten frå alle innbyggjarane.
 

Tips ein ven Skriv ut