Familie på sykkeltur på Horremsleira

Turutstyr til alle!

Treng du utsyr for å komme deg ut på tur? Utsyrssentralen har mykje forskjellig å tilby. 

Slik låner du
  

Her kan du låne utstyr til ferdsel i skog og mark og til alle årstider.

  • Du må vere 18 år eller i følgje med ein person over 18 år for å låne utstyr.
  • Utstyret kan du låne i 7 dagar - utstyret skal leverast innan kl. 12.00 siste lånedag/innleveringsdag
  • Lån av utstyr er gratis

Utlånsportalen er som ein nettbutikk. Du kan difor sikre deg det utstyret du treng frå ei datamaskin eller anna mobil eining.

  • Vel kategori
  • Vel produkt
  • Vel for kva periode du vil låne (frå dato til dato)
  • Skal du låne fleire produkt trykker du "lån meire"
  • Gå til "kassa" og fyll ut informasjon og trykk "send"
  • Du vil motta kvittering på e-post. Denne kvitteringen kan du syne fram når du skal hente utstyr.
  • Utstyret kan du hente på kommunehuset ved å henvende deg i resepsjonen mellom kl.08.30-15.30 på vekedagar, eller ved å ta kontakt med Aukra frivilligsentral.

Innlevering av utstyr
Utstyr skal vere innlevert innan kl. 12.00 siste lånedag/innleveringsdag.

Frivilligsentralen: 469 46 044
Kommunehuset: 71 17 15 00

Velkommen!