Hjertelås

Tryggingsalarm

Tryggingsalarm er ein sendar som brukar ber på seg, og som kan utløysast i akutte situasjonar. Brukar kan snakke direkte med vakt, utan å løfte av telefonrøret. Tryggingsalarm kan kun brukast i eigen heim.

Kriterium for å søkje på alarm: Brukar må ha telefon og ha forståing og innsikt i korleis alarmen skal brukast. Eldre, funksjonshemma og andre som kan føle seg utrygge ved å bu aleine, kan få tildelt Tryggingsalarm. Heimebasert omsorg er ansvarleg for utleige og montering av tryggingsalarm. Brukar må bere alarmsmykket heile døgnet, alarmen skal brukast ved akutte situasjonar. Dei som får alarm må ha nøkkelboks eller tilgjengeleg nøkkel til husværet, slik at hjelpar kan komme seg inn.

Sentralen for tryggingsalarmane er frå 01.09.2015 knytt til Molde Brann- og redningstjeneste som har det tekniske ansvar for sentralen . Når brukar utløyser alarmen, tek Molde Brann- og redningsteneste kontakt med Heimetenesta i Aukra som rykker ut.

Leige av tryggingsalarm har fast pris pr. månad.
I leiga ligg vedlikehald, skifte av batteri, og eventuell bytte av alarm.

Innstallering/oppkobling av alarm kjem i tillegg (eingongsbeløp).

Kontakt:
Besøksadresse: Aukraheimen, Aukraringen 25, 6480 Aukra
Postadresse: Aukraringen 25, 6480 Aukra
e-post: post@aukra.kommune.no
Telefon 71 17 11 30 / 71 17 14 23
Vakttelefon heimesjukepleien: 418 59 000

Einingsleiar Jorunn Hurlen tlf 71 17 14 22 / 480 62 984
Avdelingssjukepleiar Linda Eckhoff tlf 71 17 14 39 / mobil 916 04 713
 

Tips ein ven Skriv ut

Artiklar og nyheiter