Tryggingsalarm

Tenesteomtale

Bur du aleine og treng å tilkalle hjelp i akutte situasjonar, kan du søkje om tryggingsalarm. Tryggingsalarmen er knytt til ein vaktsentral, som formidlar kontakt vidare til heimesjukepleia. Vaktsentralen eller personell frå kommunen rykkjer ut heile døgeret dersom alarmen går.

Målgruppe

Eldre, funksjonshemma og andre som kan kjenne seg utrygge ved å bu aleine.

Kriterium/vilkår

Tryggleiksalarm er ein sendar som brukar ber på seg, og som kan utløysast i akutte situasjonar. Brukar kan snakke direkte med vakt, utan å løfte av telefonrøret. Tryggleiksalarmen kan kun brukast i eigen heim.

Kriterier for å søke på alarm: Brukar må ha telefon og ha forståing og innsikt i korleis alarmen skal brukast. Eldre, funksjonshemma og andre som kan føle seg utrygge ved å bu aleine, kan søke å få tildelt tryggleiksalarm Heimebasert omsorg er ansvarleg for utleige og montering av tryggleiksalarm. Brukar må bere alarmsmykket heile døgnet, alarmen skal brukast ved akutte situasjonar. Dei som får alarm må ha nøkkelboks der nøkkel til husværet er, slik at hjelpar kan komme seg inn. Nøkkelboks blir montert av heimebasert omsorg

Pris for tenesta

Leige av tryggingsalarm kr. 150,- pr. månad.
I leiga liggvedlikehald, skifte av batteri, og eventuell bytte av alarm.

Lover

Tryggingsalarm er ikkje ei lovpålagd teneste, men kan ytast dersom du treng hjelp som gir rett til tenesta etter helse- og omsorgstenestelova. Sjå helse- og omsorgstenestelova § 3-2.

Forvaltningsloven
Forskrift om egenandel for helse- og omsorgstjenester
Helse- og omsorgstjenesteloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om tryggingsalarm, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegner, må vedkommande ha fullmakt. 

Kontakt:
Postadresse/besøksadresse: Aukraheimen. Aukravegen 303. 6480 Aukra
e-post: post@aukra.kommune.no
Telefon 71171130 / 711711423
Vakttelefon heimesjukepleien: 418 59 000

Einingsleiar Jorunn Hurlen tlf 71 17 14 22.

Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

"Vi lovar ..."

Aukra kommune har politisk vedtak om at alle som har bruk for, skal få innstallert tryggingsalarm.

Tjenesten oppdatert: 29.09.2017 16:28

Artiklar og nyheiter