Taxitenesta i aukra

Transportteneste (TT-kort)

Har du ei varig funksjonshemming, fysisk eller psykisk, og har behov for dør-til-dør-transport for m.a. å kunne ta del i aktivitetar i nærmiljøet, kan du søkje om reiserett med transporttenesta/TT-kort.

Personar som på grunn av funksjonshemminga si er varig forflytningshemma og har vesentlege vanskar med å reise kollektivt, kan søkje om TT-kort. Funksjonshemminga må vare i minst 1 år for at søkjar skal bli godkjent som TT-brukar. Retningsgjevande alder nedover er 10 år. Det er ikkje ei øvre aldersgrense. Rullestolbrukarar og blinde har førsteprioritet og skal godkjennast før skjønsmessig prioritering vert gjort.

TT-ordninga skal berre nyttast til fritidsreiser, og ikkje til sjuketransport, legebesøk eller andre reiser som vert dekt av NAV eller andre offentlege myndigheiter.

OBS! Hugs å fylle ut både søknadsskjema og legeerklæring! Samtykke til behandling av personopplysningar gjeld søknadsskjemaet med vedlegg og kryssast av for at søknaden kan behandlast.

Send søknad til Aukra kommune, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra

Tips ein ven Skriv ut