Diverse trafikkskilt

Trafikktryggleik

Veg- og trafikkverksemden i Aukra kommune utarbeidar mindre skiltplanar, innhentar skiltvedtak og set opp offentlege trafikkskilt.

Verksemda har også eit overordna ansvar for å følge opp kommunen sin handlingsplan for trafikktryggleiken ved å planleggje samt gjennomføre trafikktryggingstiltak som gang- og sykkelvegar, fortau, kryssutbedring osv.

Tiltak finansieras over investeringsbudsjett og dels med tilskotsmidlar gjennom fylke og stat. Eininga har også ei sentral rolle når det gjeld å planleggje og skaffe midlar til tiltak for å bedre tilgjengelegheita for alle trafikantar (universell utforming).

I sommarhalvåret foretas det løpande trafikkmålingar på det kommunale vegnettet der det blir registrert antall passerte køyretøy/døgn (ÅDT). Vidare vert køyrefarten på passerte køyretøy registrert. Resultatet frå slike målingar er ein viktig del av grunnlaget når det ein skal vurdere om det ein skal anleggje fartsdempande tiltak på vegnettet.

Ansvaret for vegmerking, både linemerking, oppmerking av parkeringsplassar og fotgjengarovergangar tilliger verksemda.

Trafikktryggingsarbeidet i Aukra kommune vert prioritert innanfor dei ressursar som blir satt av, både bemanningsmessig og gjennom dei økonomiske rammer som stilles til disposisjon.

Aukra kommune har vedteke trafikktryggingsplan for perioden 2013 - 2016.

Klipping av tre og busker mot offentleg trafikkareal for din eigedom
Tre og busker bidreg til å gje kommunen ein triveleg og lun atmosfere. Vekst ut over offentlege område og vegar kan imidlertid hindre sikt, skjule viktig trafikkinformasjon eller tvinge trafikantar ut i vegbanen. Vegetasjon kan såleis vere til hinder for den allmenne ferdsel og trafikktryggleiken. Både mjuke trafikantar og billistar kan utsettas for fare.

Både Vegloven og Naboloven regulerer dette forholdet. I Vegloven § 31 står det at vegmynde kan kreve at tre, busker og anna plantevekst innanfor offentleg vegområde vert fjerna/beskåret på ein slik måte at det ikkje hindar ferdselen på vegen og vegvedlikeholdet.
 

Tips ein ven Skriv ut