Tobakkssal - tilsyn og registreringsplikt

Kommunane skal frå 1. januar 2018 føre tilsyn med registrerte salsstadar av tobakksvarer m.m. Tilsynsplikten og ein ny registreringsordning for sal av tobakksvarer m.m. vart vedteken i Stortinget den 21. juni 2017. Ordningen inneber at kommunane skal føre tilsyn med registrerte salsstadar av tobakksvarer og tobakkssurrogat (f.eks. e-sigarettar).

Alle verksemder som sel tobakk skal registrere seg i Tobakkssalsregisteret innan 31. desember 2017. Det er ikkje tillat å selje tobakksvarer m.m. etter 31. desember 2017 utan registrering i Tobakkssalsregisteret. Registeret er tilgjengeleg på tbr.helsedirektoratet.no og er offentleg.

Verksemder som sel tobakk må og etablere internkontroll. Internkontrollen må vere tilpassa den enkelte salsstaden. Krava til interkontroll er nærmare regulert i tobakkssalgsforskriften kapittel 4.

Du kan lese meir om temaet i tenestebeskrivinga eller på Helsedirektoratet sine heimesider.

 

Tips ein ven Skriv ut