showImage

Tilrår ny skole på Falkhytten

Rådmannen anbefalar at den nye skolen skal byggast i sentrum. Han støttar seg til konklusjonen av to uavhengige rapportar. Men den endelege avgjerda skal politikarane ta den 25. oktober.
Kommunestyret vedtok i vår å gjennomføre ein konsekvensanalyse for plassering av den nye grunnskolen på Gossen. To uavhengige konsulentfirma fekk oppgåva, og desse leverte rapportane sine i sist veke. I følgje rådmannen er konklusjonen deira tydeleg: skolen bør plasserast i sentrum, og kommunen vil få ein samfunnsøkonomisk gevinst av å plassere grunnskolen og kulturhuset på same stad.

 showImage.asp?imgID= 5787

Den noverande grunnskolen på Riksfjord.

I grunngjevinga peiker dei på at ei samordning mellom skole og kulturhus vil gi ei effektiv utnytting av lokalar. Dette reduserer det totale behovet for areal og vil dermed gi eit potensiale for innsparing. Rapportane peiker også på at skolen si rolle som samlingsstad og kulturbyggjar vil vere viktig for utviklinga av sentrum.

Det er politikarane som får det siste ordet i saka. Etter ein runde innom utvalet for plan og økonomi, vert rådmannen si tilråding lagt fram for kommunestyret den 25. oktober. Med dei to konsekvensanalysane vil politikarane ha eit godt grunnlag for å bestemme om skolen skal byggast på Riksfjord eller i sentrum, meiner rådmann Ole Bjørn Moen

 

Tips ein ven Skriv ut