Strandryddedagen

Tid for strandrydding

Bli med på årets store ryddedugnad i Midt-Noreg

Den offisielle strandryddedagen er 6. mai, men kampanjeperioden er mellom 1. mai til 20. juni.

Vil du rydde?
Enkeltpersonar, lag og foreiningar som til dømes  velforeiningar, småbåtlag og privatpersonar kan vere med å gjere strendene fine til sommaren.

Registrer aksjonen på www.holdmidtnorgerent.no. Sekker til å plukke i får dykk heilt gratis på gjenvinningsstasjonen eller ta kontakt med Aukra kommune. Når de har rydda hentar RIR avfallet på førehandsavtalt stad ved farbar veg, eller de kan levere til gjenvinningsstasjonen dersom det er enklare for dykk. Ved større aksjonar kan RIR hjelpe til med container, men det blir avgjort i kvart enkelt tilfelle. Ta kontakt med RIR så vurderar dei kva løysing som er best for dykk.

Når skal eg rydde?
Det fastset du i stor grad sjølv, men 6. mai er den offisielle Strandryddedagen. Akkurat denne datoen er det mange i heile Europa som går ut for å rydde strender. De må gjerne rydde denne dagen, men i Midt-Noreg har vi strandryddeaksjon fram til 20. juni.

Bli årets strandryddar
Alle som registrerer ryddeaksjonar hos www.holdmidtnorgerent.no er med i trekninga om å bli "Årets strandryddar i Midt-Noreg" og kan vinne kroner 10.000. I tillegg vil det blir trekt ut ein Årets strandryddar i RIR-området. I fjor vant Sæter vel i Aukra 5000 kroner. Kanskje blir det de som vinn i år?

Fotokonkurranse
Ta bilete mens du ryddar og legg det ut Instagram med . Det vert trekt fleire vinnarar gjennom kampanjeperioden 1. mai-20. juni.

Lurer du på noko?
Ta gjerne kontakt med RIR på tlf. 71 21 34 50, e-post rir@rir.no eller sjå www.holdmidtnorgerent.no. for meir informasjon. Du kan også følgje oss på Facebook: Hold Midt-Norge rent

Les meir om strandrydding på RIR si heimeside Strandrydding

RIR gjer merksam på at det berre gjeld avfall frå strendene.

Bossekkar til strandrydding kan de hente på kommunehuset på kvardagar mellom kl. 08.30-15.30. De kan også ta kontakt med RIR for å få tildelt sekkar.

 

Tips ein ven Skriv ut