Terasse, platting, veranda eller balkong

Terrasse/platting er ein konstruksjon for uteareal over bakkenivå, ofte med trapp til terrenget.

Veranda er ein open bygningsdel, støtta og eventuelt overdekket av tak. Den kan også vere lukka, som for eksempel ein glasveranda.

Balkong er ein utstikkande og open bygningsdel som er plassert framfor ei vindaugsdør på fasaden til bygningen. Den er omgitt av rekkverk og ikkje støtta.

Kva du kan gjere, kjem an på kva som gjeld for eigedomen din. Finn ut dette i kommunen si kartløysing eller kontakt planavdelinga i Aukra kommune.

Du treng ikkje søkje dersom:

  • Terrassen/plattingen er lågare enn 0,5 meter over ferdig planert terreng. Slike terrassar og plattingar blir ikkje omfatta av avstandskravet, og kan plasserast nærmare nabogrensa enn 4 meter
  • Verandaen er inntil 15 kvadratmeter, utan rom for varig opphald, minst 4 m. frå nabogrensa
  • Tiltaket blir bygt med tilstrekkeleg avstand frå offentleg regulert veg. Kvar nærme du kan plassere bygningen, avheng av når reguleringsplanen for eigedomen din blei vedteken.Ta kontakt med kommunen om du treng hjelp.

Du kan søkje på eiga hand dersom:

  • Terrassen/plattingen er under 50 kvadratmeter
  • Verandaen er mellom 15-50 kvadratmeter og blir bygt eller blir rive på einebustad, tomannsbustad eller mindre rekkjehus

Slik søkjer du

Du må søkje med hjelp frå fagfolk dersom:

  • Terrassen/plattingen er over 50 kvadratmeter.
  • Du skal byggje eller rive ein takterrasse.
  • Du skal byggje eller rive ein balkong.

Generelt om tilpassing
Ved planlegging av terrasse er tilpassing til noverande bygning viktig. Bruk gjerne ein person med arkitektfagleg kompetanse som kan gi råd og som eventuelt kan teikne denne konstruksjonen for deg.

Terrasse på terreng må utformast på ein slik måte at ein unngår store terrengendringar.

Hensyn til naboane
Set deg inn i naboen sin situasjon og unngå plassering som verkar sjenerande, f.eks. innsyn.


Arealplan - kva avgrensingar gjeld på eigedomen min?
Det vil vere avgrensingar i kommune- eller reguleringsplan på kva du kan byggje. Dette vil typisk vere byggjegrenser, avgrensing i storleik, høgde, takvinkel o.l. Pass på at tiltaket er innanfor desse avgrensingane før du går i gong med planlegginga.

Dersom du skal byggje utover det arealplanane seier, må du søkje om dispensasjon.

Tips ein ven Skriv ut