www.aukra.kommune.no

Tannlege

Tannlege og tannhelseteneste

Tannhelsetenesta i Aukra kommune er for tida ikkje bemanna.
For timebestilling: Ring St. Carolus tannklinikk71 28 46 20

 

Klinikken vil vere bemanna med eit tannhelseteam frå St. Carolus i Molde. Det vert prioritert behandling av barn og unge 3-15 år, psykisk utviklingshemma og gruppa av eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og heimesjukepleia. Der det ikkje er kapasitet, vil du få tilbod om behandling ved St. Carolus i Molde.

Den offentlege tannhelsetenesta skal gje eit regelmessig og oppsøkjande tilbod til:

  • Barn og ungdom frå fødsel til og med det året dei fyller 18 år
  • Psykisk utviklingshemma i og utanfor institusjon
  • Gruppa av eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og heimesjukepleie
  • Ungdom som fyller 19 eller 20 år i behandlingsåret
  • Andre grupper som fylkeskommunen har vedteke å prioritere
Tips ein ven Skriv ut