Strandryddedagen

Strandryddedagen

Strandryddedagen 5. mai 2018

I 2018 finn Strandryddedagen stad laurdag 5. mai og er ein del av strandryddeveka 30. april – 6. mai.

Vil du rydde?

Enkeltpersonar, lag og foreiningar som til dømes  velforeiningar, småbåtlag og privatpersonar kan vere med å gjere strendene fine til sommaren.

Registrer aksjonen på Holdnorgerent.no. Sekker til å plukke i får dykk heilt gratis på gjenvinningsstasjonen eller ta kontakt med Aukra kommune 71 17 15 00 mellom kl. 08.30-15.30 på kvardagar.

Bestill henting av søppel hos RIR.


Når de har rydda hentar RIR avfallet på førehandsavtalt stad ved farbar veg, eller de kan levere til gjenvinningsstasjonen dersom det er enklare for dykk. Ved større aksjonar kan RIR hjelpe til med container, men det blir avgjort i kvart enkelt tilfelle. Ta kontakt med RIR så vurderar dei kva løysing som er best for dykk.

Når skal eg rydde?
Det fastset du i stor grad sjølv, men 5. mai er den offisielle Strandryddedagen.

Bli årets strandryddar
Alle som registrerer ryddeaksjonar hos www.holdmidtnorgerent.no er med i trekninga om å bli "Årets strandryddar i Midt-Noreg" og kan vinne kroner 10.000. I tillegg vil det blir trekt ut ein Årets strandryddar i RIR-området.

Fotokonkurranse
Ta bilete mens du ryddar og legg det ut Instagram med . Det vert trekt fleire vinnarar gjennom kampanjeperioden.

Lurer du på noko?
Ta gjerne kontakt med RIR på tlf. 71 21 34 50, e-post rir@rir.no eller sjå www.holdmidtnorgerent.no. for meir informasjon. Du kan også følgje oss på Facebook: Hold Midt-Norge rent

Les meir om strandrydding på RIR si heimeside Strandrydding

RIR gjer merksam på at det berre gjeld avfall frå strendene.

Gule strandryddesekker kan de hente på kommunehuset på kvardagar mellom kl. 08.30-15.30. De kan også ta kontakt med RIR for å få tildelt sekkar.

 

Tips ein ven Skriv ut