showImage

Statsministerbesøk i vårsol

Gossen bada seg i sol og glansen av den russiske og norske statsministeren, eit koppel med sikkerhetsvakter, ambassadørar og eit trettitals journalistar frå inn- og utland på hektisk besøk.

 

Den russiske statsministeren Mikhail Fradkov er på offisielt besøk i Noreg 28. og 29. mars, etter invitasjon frå statsminister Jens Stoltenberg. Tysdagen besøkte han Nyhamna og Ormen Lange-anlegget, der han vart teken i mot av Hydro sin generaldirektør Eivind Reiten og Statoil sin konsernsjef Helge Lund.  Statsministerbesøk

 

 

Etter hjortefilet og vinkokte pærer til lunch, fekk dei omsyning på anlegget. Før returen til flyplassen, stoppa følgjet av statsministrar, ambassadefolk, sikkerhetsvakter og journalistar opp ved Aukra kyrkje og la ned to kransar ved det russiske minnesmerket. Aukra viste seg frå si beste side til eit besøk som var nøye regissert, overvaka og fort over. Tilbake i Oslo, var Stoltenberg vert for regjeringsmiddagen på Akershus slott.  Stoltenberg

 

 

Stoltenberg ved den russiske grava.   Stoltenberg v grav

 

 

Stor ståhei med journalistar, politi og sikkerhetsvakter.  Journalistar

 

 

Ein krans frå den russiske statsministeren og ein frå den norske.  Russergrav

Onsdag 29. mars skal Fradkov ha møte med statsministeren og deretter stortingspresidenten før lunsj på slottet. På slutten av dagen er det rundebordskonferanse med norske næringslivsleiarar i Regjeringa sin gjestebolig.

 

Tips ein ven Skriv ut