www.aukra.kommune.no

Hus laga av sedlar

Startlån og bustadtilskot

Har du vanskar med å kome inn på bustadmarknad eller å kunne bli buande i din bustad? Då kan ei av desse to ordningar vere aktuelt for deg.

Startlån

Startlån er ei låneordning som skal bidra til at personar med langvarige bustadfinansieringsproblem kan skaffe seg ein eigna bustad og behalde denne.

Kommunen kan gje startlån til personar som ikkje får lån eller tilstrekkeleg lånebeløp i ordinære kredittinstitusjonar. Startlån vert tildelt etter ei behovsprøving. I vurderinga skal kommunen legge vekt på om søkjaren:

a) er forventa å ha langvarige problem med å finansiere eigd bustad og

b) har nytta høve til sparing innanfor dei økonomiske moglegheitene søkjaren sine inntekter og nødvendige utgifter til livsopphold gjev.

Uavhengig av vurderingane ovanfor under a) og b) kan kommunen gje startlån i alle desse situasjonane:

  • Husstanden har barn eller særlege sosiale eller helsemessige utfordringar, og omsynet til å sikre ein trygg, god og stabil bustadsituasjon innan kort tid talar for det.
     
  • Husstanden har problem med å dekkje bustadutgiftene, og refinansiering med startlån kan bidra til at husstanden kan bli buande i bustaden sin.
     
  • Bustadsituasjonen hindrar moglegheitene til å oppretthalde eit arbeidstilhøve, eller hindrar utvikling av det lokale næringslivet eller
     
  • Startlånet bidreg til betre utnytting av kommunalt disponerte bustadar.

Det er ein føresetnad for å få lån at søkjar har god nok økonomi til å betene lånet over tid, og framleis ha nødvendige midlar igjen til livsopphold og øvrige utgifter.

Meir om startlån og søknadsskjema finn du på Husbanken sine sider.

 

Bustadtilskot

Tilskot til etablering kan bli gjeve til enkeltpersonar/husstandar med varig låg inntekt og som ikkje er i stand til å betene fullt lån til eigna bustad. Ordninga er behovsprøvd, og berre dei aller mest vanskelegstilte kan rekne med å få tilskot.

Enkeltpersonar som har behov for tilrettelagt bustad kan få tilskot til tilpassing av eigen bustad. Ved handsaming av søknaden vert det lagt spesielt vekt på behovet for spesialtilpassing for å kunne bli buande i bustaden over tid.

Tilskot til utreiing og prosjektering blir gjeve til funksjonshemma og andre som har behov for tilrettelegging av bustaden. Prosjektering av bustaden og utreiinga må skje i forståing med ergoterapeuten i kommunen.

Tilskot til refinansiering av lånegjeld kan ein gje til enkeltpersonar/husstandar med varig låg inntekt, og som på grunn av betalingsproblem har vanskar med å  behalde bustaden. Ordninga er sterkt behovsprøvd sett i høve til økonomi, og berre dei aller mest vanskelegstilte kan rekne med å få tilskot.

Meir om bustadtilskot og søknadsskjema finn du på Husbanken sine sider.

 

 


 

 

 

Tips ein ven Skriv ut