Systematisk og målretta arbeid med språk

Barnebo har  34 barn (av 108) med minoritetsspråkleg eller to- og fleirspråkleg bakgrunn. Kvart år har vi barn (og foreldre) som ikkje snakkar norsk eller engelsk når dei startar. I tillegg er det eit aukande behov blant majoritetsspråklege barn for noko ekstra stimulering når det gjeld språk.

Småbarnsalderen er den grunnleggjande perioden for språkutvikling. Barn si språklege og kommunikative kompetanse er viktig, både for barnet sitt liv her og no, for å kunne delta aktivt i eit fellesskap og for barna sine moglegheiter i framtida. Mellom anna er det påvist samanheng mellom tidlege språklege og kommunikative ferdigheiter og utvikling av lesedugleik. Men først og fremst for deltaking her og no; i leik, læring og samhandling. Høg kvalitet på språk- og språkstimuleringsarbeidet er viktig for at minoritetsspråklege barn skal ha dei same føresetnadane for deltaking i barnehagen. Tidleg innsats er viktig faktor.

Barnebo barnehage har ei 80% stilling som arbeider mest med språkstimulering og språkutvikling. Den vert brukt overfor einskildbarn, og i grupper. Stillinga vert i hovedsak nytta til direkte arbeid med barn, men observasjon, rettleiing og kompetanseheving i personalet er og ein del av oppgåvene

Det er Malin Ilestad som er tilsett i stillinga. Ho er vernepleiar med vidareutdanning i spesialpedagogikk og  Flerspråklighet og andrespråkspedagogikk - Kompetanse for mangfold. 
 

Tips ein ven Skriv ut