Søknad om elevplass

Fiolin

Søknadsskjema finn ein i høgremenyen. Søknadsfrist er 15.mars kvart år. Alle skal søkje, også dei som har plass i kulturskulen inneverande skuleår. Det vert eit hovudopptak, og søkjarar vil få eit svarbrev med tilbod om plass, dei må då gje tilbakemelding om dei ønskjer å ta imot plassen. Elevar som ikkje får plass vil få brev med beskjed om at dei står på venteliste (elevar som frå før har plass i kulturskulen vert prioritert ved opptak).

OBS! Kulturskulen tek imot søknadar heile året, og etter at hovudopptaket er gjort vert det gjort opptak kontinuerleg dersom det vert ledig plass.

Kulturskulen har eige reglement. Dette vil ei få tilsendt saman med tilbod om plass. Her er det viktigaste:

  • Elevplassen gjeld tildelt fag / instrument for heile skuleåret.
  • Elevmoderasjon 25% f.o.m. 2.elevplass og 50% f.o.m. 3.elevplass per familie. Plassane må vere registrert på same betalar.
  • Frist for oppseiing av plass er 1.desember for vårsemesteret og 1.juni for haustsemesteret.