showImage

Søker etter barnevernsleiar

Aukra kommune søker etter barnevernsleiar i 100 % stilling for snarleg tiltreding. Søknadsfrist 3. november.

 

 

Aukra kommune – Oppvekst og kultur

Aukra kommune har ca. 3000 innbyggjarar.  Kommunesenteret ligg på øya Gossen, ca. 30 min. reisetid frå Molde.  Hovudnæringa er skipsbygging/reparasjon, fiske, fiskemottak/foredling og jordbruk.  Kommunen har eit allsidig kultur- og fritidstilbod og godt utbygd kulturskole.

Aukra er ilandføringskommune for gassen frå Ormen Lange-feltet i Norskehavet.  Norske Shell skal ha driftsansvaret frå 2007

 Barnevern

Barnevernsleiar – 100%   stilling


Med atterhald om endeleg godkjenning, er det ved eining Oppvekst og Kultur,  tenesteeining barnevern, ledig 100% stilling som barnevernsleiar for snarleg tiltreding. Barnevernstenesta i Aukra har 2 fagstillingar. Samarbeid internt i eininga oppvekst og kultur er eit godt utgangspunkt for førebyggande barnevernsarbeid.  Aukra kommune er med i planlegginga av interkommunalt barnevernsamarbeid for Romsdalskommunane.


Barnevernsleiar sine oppgåver er knytt til sakshandsaming etter Lov om barnevernstenester. Barnevernstenesta sine oppgåver er krevjande og givande og vi søkjer ein person som er engasjert, emosjonelt robust og som har evne til systematisk, strukturert og målretta arbeid.

For tilsetting i stillingen er det krav om utdanning som sosionom eller barnevernspedagog, og ønskjeleg med arbeidserfaring frå sakshandsaming etter Lov om barnevernstenester. Erfaring frå arbeid med tyngre barnevernssaker og representasjon i fylkesnemnda og retten er også ønskjeleg. Tenesta nyttar fagprogrammet Familia.

Den som blir tilsett må disponere privat bil i tenesta og levere utvida politiattest.

Lønn etter avtale.

 
Søknad med kortfatta CV, vitnemål og attestar sendast til   Aukra kommune, Kommunehuset, 6480 AUKRA.  

Kontaktperson: einingsleiar Ingvild Aas  71171500, post@aukra.kommune.no

 

Søknadsfrist 3.11.2006



 

 

Tips ein ven Skriv ut