Brann

Søke om løyve til å brenne bål

I samband med den tradisjonsrike sankthansfeiringa ønskjer mange å tenne bål. Om du planlegg eit slikt bål, må du ha godkjenninga i orden.

Gjennom melding til brann- og redningstenesta (eige elektronisk skjema) kan du få løyve til bålarrangement eller annan bruk av eld utansdørs. Alle bålplassar for Sankthansbål og tilsvarande bålarrangement skal meldast inn til brannsjefen.

Det blir presisert at avfallsbrenning ikkje er tillaten sjølv om bål er innmeldt. Sjølv med innmelding kan det eit kan berre gjerast opp bål med reint trevirke, som openbert ikkje kan medføre brann, og som ikkje er til sjenanse for naboar. Ved brenning på privat grunn, må løyve frå grunneigar vere innhenta. Vidare må ansvarhavande halde oppgjort eld under oppsyn og sløkkjemiddel må vere tilgjengeleg.

Søknadsskjema finn du her: Søke om løyve til å tenne bål

Tips ein ven Skriv ut