Bil for slamtømming fra Miljøservice

Slamtømming

Romsdalshalvøya Interkommunale Renovasjonsselskap IKS - RIR er ansvarleg for tømming av slamtanker i Aukra kommune. Dei har igjen inngått avtale med Miljøservice AS som står for den praktiske tømminga av slamavskillarane i Aukra kommune.

Spørsmål knytt til tømming av tank og bestilling av ekstratømming rettast til Miljøservice AS, telefon 57 87 46 66 eller til RIR på telefon 71 21 34 50. Faktura for ordinær slamtømming og for eventuell ekstratømming sendast ut til abonnentane av Aukra kommune.

Aukra kommune er forureiningsmynde og skal føre tilsyn for å sikre at dei private renseanlegga fungerar i henhald til gjeldande regelverk. Aukra kommune har også ansvar for å ajourhalde abonnementsregisteret for slamavskillarar som er ein del av det samla fakturagrunnlaget for kommunal fakturering.
 

Tips ein ven Skriv ut