Bilde av buss frå Aukra Auto

Skyssreglement

Retningslinjene for skoleskyss i Aukra kommune vart vedtatt 13. juni 2013. Under finn de dei statlege reglane, samt reglementet som gjeld for Aukra kommune. Dei kommunale reglane er ei utviding av det statlege tilbodet.

Statlege reglar:

  • Elevar på 1. årstrinn skal ha skyss når vegen er over 2 km.
  • Elevar frå og med 2. tom. 10. årstrinn skal ha skyss når vegen er over 4 km

Kommunale reglar:

  • Elevar i 2. klasse som bur meir enn to kilometer frå skolen får gratis skoleskyss om det frå før av går rutegåande transport eller skolebuss som passar med skolestart og slutt.
  • Det er eigne bestemmingar for deler av strekka frå Horremshaugen til Tangen og frå Solem til Falkhytten.

 For fullstendig oversikt over det lokale reglementet, følg denne linken.

Tips ein ven Skriv ut

Artiklar og nyheiter

Tenesteforklaringar