Skolehelsetenesta

Skolehelseteneste

Skolehelsetenesta er eit tilbod til alle barn i grunnskolen. Målet for skolehelsetenesta er å fremje god helse og førebygge sjukdom og skade.

Vaksinasjonsprogram og helseundersøkingar det vert innkalla til:
1. klasse Helseundersøking på helsestasjon med helsesøster og lege for dei som ikkje har hatt dette før skulestart.
2. klasse Tilbod av kombinasjonsvaksine mot følgjande sjukdommar: difteri, tetanus, kikhoste og poliomyelitt.
3. klasse Helseundersøking og måling av høgde / vekt.
6. klasse Tilbod av vaksine mot følgjande sjukdommar: meslingar, kusma og raude hundar (MMR).
7. klasse Tilbod om HPV-vaksine (humant papillomavirus). To dosar med minst 6 mnd intervall.
8. klasse Helseundersøking og måling av høgde / vekt.
10. klasse Tilbod av kombinasjonsvaksine mot følgjande sjukdommar: difteri, stivkrampe, kikhoste og poliomyelitt.

All vaksinering og helseundersøking er frivillig, men vi anbefaler at alle takkar ja til tilboda. Det vert sendt ut skriftleg informasjon til føresette i forkant av vaksinasjon/undersøking.

Kontaktinformasjon: 

Gossen barne- og ungdomsskole:
Helsesøster Marianne Stenberg har kontortid kvar måndag - torsdag
frå kl. 09.00 – 15.00.

Telefon: 71 17 14 79  eller  488 81 851

Julsundet skole:
Helsesøster Tonje Vikhagen har kontortid kvar måndag, tirsdag og torsdag
frå kl. 09.00 – 15.00.

Telefon: 71 17 18 82 eller 404 48 035
 

Tips ein ven Skriv ut