www.aukra.kommune.no

Banner

Nasjonal sikkerheitsmånad

Tilsette i Aukra kommune er med i Nasjonal Sikkerheitsmånad 2017 i regi av NorSIS (Norsk senter for informasjonssikring)

Dei tilsette er ein viktig ressurs for å sikre god informasjonssikkerheit i verksemda. Som eit ledd i sikkerheitsarbeidet i Aukra kommune, skal tilsette delta i ein sikkerheitskampanje via Junglemap, der dei vil få 8 e-læringsleksjonar, kvar på ca. 2-3 minutt lengde med tema informasjonssikkerheit. Dette vil bli distribuert via e-post.

E-læringa er utarbeidt i samarbeid med leverandøren Junglemap, og innhaldet er basert på rettleiingar frå nettvett.no. leksjonane tek ikkje berre føre seg sikkerheit på arbeidsplassen, men også sikkerheit som privatperson.

E-læringsmodulane i årets opplæringspakke inneheld følgjande tema:

  1. Økonomisk svindel mot bedrifter
  2. Ta sikkerheitskopi av filene dine
  3. Tryggleik i sosiale medium
  4. Personvern rører oss alle
  5. Vêr smartare enn tinga dine
  6. Trådlause nettverk
  7. Loggar du på i to trinn?
  8. Sikkerheitsleiing og digital sikkerheitskultur

Det vert sendt ut to leksjonar tysdagar og torsdagar frå 3. oktober.

Nasjonal sikkerheitsmånad.png

Tips ein ven Skriv ut