Vigsel

 

Vigsel i Aukra kommune

Følg stega nedanfor

Seremonien

Seremonien vil som utgangspunkt skje i kommunestyresalen ved Aukra kommunehus.

Brudefolk, forlovarar og gjestar bør møte opp 10-15 minutt før avtalt tid for vigsel. Hugs å ta med godkjend legitimasjon. Brudefolket med gjestar må vente utanfor seremonirommet til dei vert vist inn. Det skal vere to vitner til stades under seremonien. Dette er vanlegvis forlovarane, men det kan også vere to andre myndige personar.

Dersom ein av brudeparet er framandspråkleg, må det på førehand avtalast kva språk som skal brukast under seremonien. Vigselen kan skje på norsk eller engelsk. For andre språk må de sjølv sørgje for kvalifisert tolk.

Endeleg vigsleattest vil bli ettersend av folkeregisteret.

Seremonien varer i 10-15 minuttar. Ordførar eller varaordførar står for vigselen. Brudefolket vert vist inn i seremonirommet saman med gjestane. Sjølve vigselen skjer ved at ordførar les ein fast tekst for borgarleg vigsel. Så vert brudefolket spurt om dei vil ha kvarandre til ektefellar. Ordføraren erklærer dei som ektefolk. Til slutt underteiknar brudefolket, vitna og ordføraren vigslingsprotokollen.

Dersom brudefolket ønskjer å utveksle ringar, må det meldast på førehand, gjerne ved bestilling av tid for vigselen. Dei kan óg gje beskjed til ordføraren før seremonien startar. Ringane set brudefolket på når ordføraren har erklært dei som ektefolk. Ordføraren seier frå når ringane kan utvekslast.

Det kan gjerne vere t.d. eit musikalsk innslag under seremonien. Gje beskjed på førehand dersom det skal vere slike innslag.

Fotografering kan skje under og etter seremonien etter avtale med ordføraren. Brudefolket må ordne med eigen fotograf.