hånd i hånd

Rustiltak

Misbrukar du, eller er avhengig av alkohol eller andre rusmiddel, kan du få hjelp til å komme vekk frå det. Vi gjev og råd og hjelp til familien. Ein misbrukar har rett på dei samme tenestene etter Helse- og omsorgstenesteloven som alle andre.

Målgruppe
Rusmiddelavhengige og deira familiar.

Kriterier/vilkår
Er du ikkje motivert for eit behandlingsopplegg med tanke på å bli rusfri på det aktuelle tidspunktet, skal kommunen kunne tilby deg andre støttetiltak.

Pris for tenesta
Tenesta er gratis.

Rettleiing - korleis få utført eller motta ei slik teneste
Du kan kontakte NAV Aukra for å få hjelp til å søkje om denne tenesta. Du har rett til å la næraste pårørande eller andre hjelpe deg. Det kan for eksempel vere ein nabo. Men då må du gje ei skriftleg fullmakt. Om du ønskjer plass i behandlingsinstitusjon, kan fastlegen din hjelpe deg med å søkje om det.

Kan også ringe rustelefonen  for  spørsmål : 08588

 

Tips ein ven Skriv ut